Pop up på Brævasshytta med Livslyst
Sep
13
6:30 PM18:30

Pop up på Brævasshytta med Livslyst

Bli med på Tapas, Musikk, Moteshow og ein trivelig kveld saman med oss. Du vil få presentert årets hausttrendar og få handle i vår "pop up store" på Brævasshytta den 13.09 ifrå kl.1830. Vi servere Tapas på buffett og garantere fantastisk stemning - Bli med oss klar til hausten

650,- per pers inkl. velkomstdrink, tapasbuffett, mini-konsert med lokal artist og trekning av flotte gevinster

Bindande påmelding til:

Inna 45058065
Elisabet 46885310

View Event →
Kvinnehelg! En helg fylt med flotte øyeblikk Ro, innsikt, utsikt, glede og inspirasjon
Mar
8
to Mar 10

Kvinnehelg! En helg fylt med flotte øyeblikk Ro, innsikt, utsikt, glede og inspirasjon

  • Fjærland fjordstove hotell (map)
  • Google Calendar ICS

Vi ønsker å fylle huset med både ro, tilstedeværelse og god energi

de fine samtalene-latter- musikk-glede og flotte opplevelser sammen.

- yoga workshop med Karolina Wypychowska

- mindfulness workshop Linda cathrin Huseby

- Hege Nielman @kiropraktorhege workshop i ISBAD og dens effekter på kropp og helse

Eksklusive lørdags kveld med:

Gunvor Røckholt inspirere oss - farger, interiør og mykje meir...

Livslyst - Elisabeth Trædal har med seg et utvalg fra butikken.Hun vil gi deg tips og personlig veiledning til klestips....

Fryd Luster frisørsalong ved Evy Stubbelshaug kommer og vil gi deg hår stylig tips...

Mini konsert...

Detaljert Programm kjem etterkvart :-)

Kvinnehelgen inkludere alt dette og:

To overnattinger (kr 1000,- ekstra for enkeltrom)

To tre retters middag

To frokoster

En lunsj

Pris 4800,-

Påmelding: inna@fjaerlandhotell.no

View Event →
Sep
9
3:00 PM15:00

Sopptur i Fjærland

  • Fjærland fjordstove hotell (map)
  • Google Calendar ICS

Fjærland fjordstove hotell ynskjer å bruke meir av det naturen har å by på, og ha kunnskap om ville matplanter som dei kan dele med gjestene. Når plantene døyr før vinteren er tida inne for soppen. For å identifisera dei etande soppane har me hyra inn plantekjennar og etnobotanist Geir Flatabø frå Plantemangfald AS.

Kunne du tenkt deg å vera med? Kanskje du allereie kjenner til nokon soppar eller bruk av dei? Meld deg på, deltaking er gratis!

Stad: Fjærland fjordstove hotell, Fjærlandsfjorden 258, 6848 Fjærland.
Dato/tid: 9. september 2021, kl. 15:00 (varer 2–3 timar)
Pris: Gratis.

fungus-1194380_1920.jpg

Turen er ei oppfølging av plantesanketuren som vart arrangert våren 2021.

Arrangementet er del av Fjærland fjordstove hotell sitt «Miljøhotellet»-prosjekt som er støtta av Innovasjon Noreg og gjennomført med hjelp frå Plantemangfald AS. Arrangementet kan bli avlyst på kort varsel på grunn av dårleg vêr, covid-pandemien eller andre uføresette omstende.

Påmelding

View Event →
May
16
9:00 AM09:00

På jakt etter mat i naturen i Fjærland

Er det mat å finne ute i naturen i mai? Fjærland fjordstove hotell ynskjer å bruke meir av det naturen har å by på og ha kunnskap om ville matplanter som dei kan dele med gjestene. Til dette har me hyra inn plantekjennar og etnobotanist Geir Flatabø frå Plantemangfald AS og arrangerer ein ekskursjon for å sjå om me kan finne etande planter i Fjærland. Fjærland guiding blir med for å tileigne seg kunnskap til bruk i deira turprodukt.

Plantene me tek med oss frå turen blir tilbydd kjøkenet for bruk til middagen om kvelden.

Kunne du tenkt deg å vera med på ein matplante-ekskursjon? Kanskje du kjenner til nokon planter eller historisk bruk? Meld deg på, deltaking er gratis!

Stad: Fjærland fjordstove hotell, Fjærlandsfjorden 258, 6848 Fjærland.
Dato/tid: 16. mai 2021, kl. 09:00–13:00
Pris: Gratis, obligatorisk påmelding.

Arrangementet er del av Fjærland fjordstove hotell sitt «Miljøhotellet»-prosjekt som er støtta av Innovasjon Noreg og gjennomført med hjelp frå Plantemangfald AS. Det er også planlagt ein ekskursjon til sommaren/hausten. Arrangementet kan bli avlyst på kort varsel på grunn av dårleg vêr, covid-pandemien eller andre uføresette omstende.

Påmelding

View Event →
Biokol-kurs med God Jord
May
15
12:00 PM12:00

Biokol-kurs med God Jord

Korleis vere med å kjempe mot klimaendringane og få betre jord på same tid!? Olav og Knut Arne frå God Jord AS på Skammestein i Valdres kjem for å lære deg å lage og bruke biokol på ein enkel og rimeleg måte. Passar for både hagebrukarar og jordbrukarar.

Stad: Fjærland fjordstove hotell, Fjærlandsfjorden 258, 6848 Fjærland.
Tid: 15. mai 2021, kl. 12:00–16:00
Pris: 500 kr, betaling på hotellet.

IMG_20200712_145119.jpg

Arrangementet er del av Fjærland fjordstove hotell sitt «Miljøhotellet»-prosjekt som er støtta av Innovasjon Noreg og gjennomført med hjelp frå Plantemangfald AS. I kurset vil du få:

  • Innføring i brenning av biokol i praksis med biokol-/pyrolyseomn (det blir varmt!).

  • Gjennomgang av kva biokol er, korleis ein kan lage det og korleis det kan brukast:

    • Verknad av biokol i jorda - korleis biokol endrar jordstrukturen.

    • Biokol, kompost og interaksjon mellom biokol og mikroorganismar.

    • Bruk av biokol og sopprot ved planting av buskar og trær.

    • Presentasjon av ulike teknikkar for å lage biokol.

    • Termiske og tekniske konsekvensar av ulike pyrolyseteknikkar.

    • Kvalitet på biokol ut frå ulike råstoff og pyrolysemåtar.

    • Inokulering av biokol – lading av biokol med næringsstoff.

    • Bruken av EM –Effektive Mikrobar i hagen og i komposten

    • Innføring i sopprot - røtene sine røter – og næringsutveksling.

    • Karbonfangst: kor stor er effekten av biokol?

  • Kompendium frå God Jord.

  • Ein pose biokol som blir laga på arrangementet.

  • Lett servering.

Kursavgift: 500 kr

Arrangementet kan bli avlyst på kort varsel på grunn av dårleg vêr, covid-pandemien eller andre uføresette omstende.


Påmelding

View Event →