Er det mat å finne ute i naturen i mai? Fjærland fjordstove hotell ynskjer å bruke meir av det naturen har å by på og ha kunnskap om ville matplanter som dei kan dele med gjestene. Til dette har me hyra inn plantekjennar og etnobotanist Geir Flatabø frå Plantemangfald AS og arrangerer ein ekskursjon for å sjå om me kan finne etande planter i Fjærland. Fjærland guiding blir med for å tileigne seg kunnskap til bruk i deira turprodukt.
Plantene me tek med oss frå turen blir tilbydd kjøkenet for bruk til middagen om kvelden.
Kunne du tenkt deg å vera med på ein matplante-ekskursjon? Kanskje du kjenner til nokon planter eller historisk bruk? Meld deg på, deltaking er gratis!
Stad: Fjærland fjordstove hotell, Fjærlandsfjorden 258, 6848 Fjærland.
Dato/tid: 16. mai 2021, kl. 09:00–13:00
Pris: Gratis, obligatorisk påmelding.
Arrangementet er del av Fjærland fjordstove hotell sitt «Miljøhotellet»-prosjekt som er støtta av Innovasjon Noreg og gjennomført med hjelp frå Plantemangfald AS. Det er også planlagt ein ekskursjon til sommaren/hausten. Arrangementet kan bli avlyst på kort varsel på grunn av dårleg vêr, covid-pandemien eller andre uføresette omstende.