Back to All Events

Biokol-kurs med God Jord

  • Fjærland fjordstove hotell Fjærlandsfjorden 258 6848 Fjærland Norway (map)

Korleis vere med å kjempe mot klimaendringane og få betre jord på same tid!? Olav og Knut Arne frå God Jord AS på Skammestein i Valdres kjem for å lære deg å lage og bruke biokol på ein enkel og rimeleg måte. Passar for både hagebrukarar og jordbrukarar.

Stad: Fjærland fjordstove hotell, Fjærlandsfjorden 258, 6848 Fjærland.
Tid: 15. mai 2021, kl. 12:00–16:00
Pris: 500 kr, betaling på hotellet.

IMG_20200712_145119.jpg

Arrangementet er del av Fjærland fjordstove hotell sitt «Miljøhotellet»-prosjekt som er støtta av Innovasjon Noreg og gjennomført med hjelp frå Plantemangfald AS. I kurset vil du få:

  • Innføring i brenning av biokol i praksis med biokol-/pyrolyseomn (det blir varmt!).

  • Gjennomgang av kva biokol er, korleis ein kan lage det og korleis det kan brukast:

    • Verknad av biokol i jorda - korleis biokol endrar jordstrukturen.

    • Biokol, kompost og interaksjon mellom biokol og mikroorganismar.

    • Bruk av biokol og sopprot ved planting av buskar og trær.

    • Presentasjon av ulike teknikkar for å lage biokol.

    • Termiske og tekniske konsekvensar av ulike pyrolyseteknikkar.

    • Kvalitet på biokol ut frå ulike råstoff og pyrolysemåtar.

    • Inokulering av biokol – lading av biokol med næringsstoff.

    • Bruken av EM –Effektive Mikrobar i hagen og i komposten

    • Innføring i sopprot - røtene sine røter – og næringsutveksling.

    • Karbonfangst: kor stor er effekten av biokol?

  • Kompendium frå God Jord.

  • Ein pose biokol som blir laga på arrangementet.

  • Lett servering.

Kursavgift: 500 kr

Arrangementet kan bli avlyst på kort varsel på grunn av dårleg vêr, covid-pandemien eller andre uføresette omstende.


Påmelding