Filtering by: miljøhotellet

Sep
9
3:00 PM15:00

Sopptur i Fjærland

  • Fjærland fjordstove hotell (map)
  • Google Calendar ICS

Fjærland fjordstove hotell ynskjer å bruke meir av det naturen har å by på, og ha kunnskap om ville matplanter som dei kan dele med gjestene. Når plantene døyr før vinteren er tida inne for soppen. For å identifisera dei etande soppane har me hyra inn plantekjennar og etnobotanist Geir Flatabø frå Plantemangfald AS.

Kunne du tenkt deg å vera med? Kanskje du allereie kjenner til nokon soppar eller bruk av dei? Meld deg på, deltaking er gratis!

Stad: Fjærland fjordstove hotell, Fjærlandsfjorden 258, 6848 Fjærland.
Dato/tid: 9. september 2021, kl. 15:00 (varer 2–3 timar)
Pris: Gratis.

fungus-1194380_1920.jpg

Turen er ei oppfølging av plantesanketuren som vart arrangert våren 2021.

Arrangementet er del av Fjærland fjordstove hotell sitt «Miljøhotellet»-prosjekt som er støtta av Innovasjon Noreg og gjennomført med hjelp frå Plantemangfald AS. Arrangementet kan bli avlyst på kort varsel på grunn av dårleg vêr, covid-pandemien eller andre uføresette omstende.

Påmelding

View Event →
Biokol-kurs med God Jord
May
15
12:00 PM12:00

Biokol-kurs med God Jord

Korleis vere med å kjempe mot klimaendringane og få betre jord på same tid!? Olav og Knut Arne frå God Jord AS på Skammestein i Valdres kjem for å lære deg å lage og bruke biokol på ein enkel og rimeleg måte. Passar for både hagebrukarar og jordbrukarar.

Stad: Fjærland fjordstove hotell, Fjærlandsfjorden 258, 6848 Fjærland.
Tid: 15. mai 2021, kl. 12:00–16:00
Pris: 500 kr, betaling på hotellet.

IMG_20200712_145119.jpg

Arrangementet er del av Fjærland fjordstove hotell sitt «Miljøhotellet»-prosjekt som er støtta av Innovasjon Noreg og gjennomført med hjelp frå Plantemangfald AS. I kurset vil du få:

  • Innføring i brenning av biokol i praksis med biokol-/pyrolyseomn (det blir varmt!).

  • Gjennomgang av kva biokol er, korleis ein kan lage det og korleis det kan brukast:

    • Verknad av biokol i jorda - korleis biokol endrar jordstrukturen.

    • Biokol, kompost og interaksjon mellom biokol og mikroorganismar.

    • Bruk av biokol og sopprot ved planting av buskar og trær.

    • Presentasjon av ulike teknikkar for å lage biokol.

    • Termiske og tekniske konsekvensar av ulike pyrolyseteknikkar.

    • Kvalitet på biokol ut frå ulike råstoff og pyrolysemåtar.

    • Inokulering av biokol – lading av biokol med næringsstoff.

    • Bruken av EM –Effektive Mikrobar i hagen og i komposten

    • Innføring i sopprot - røtene sine røter – og næringsutveksling.

    • Karbonfangst: kor stor er effekten av biokol?

  • Kompendium frå God Jord.

  • Ein pose biokol som blir laga på arrangementet.

  • Lett servering.

Kursavgift: 500 kr

Arrangementet kan bli avlyst på kort varsel på grunn av dårleg vêr, covid-pandemien eller andre uføresette omstende.


Påmelding

View Event →